![]() |
Årsmøtet i Hordaland Arbeiderparti støtta framlegget frå Stord Arbeidarparti om tidsfristar frå tildeling til boreprogram blir framlagt og starta.
Leverandørindustrien
Staten må bruka sterkare verkemiddel for å sikra eit stabilt aktivitetsnivå knytta til aktivitetar på norsk sokkel. Hordaland Arbeiderparti meiner det må leggjast tidsfristar frå tildeling fram til eit boreprogram blir framlagt og påbegynt. Om dette ikkje blir gjennomført, skal lisensen tilbakeførast staten.
Samferdsle
Hordaland Arbeiderparti vil ha ein ferjefri stamvegforbindelse mellom Bergen og Stavanger som vil redusera reise- og transporttida betrakteleg, og er ein framtidig satsing på både kommunikasjon og miljø. Hordaland Arbeiderparti vil jobba for at ein ferjefri stamveg mellom Bergen og Stavanger skal inn på Nasjonal transportplan for 2014 – 19.
Ny veg Seljestad/Haukelifjell er eit svært viktig vegprosjekt og klimaprosjekt. Det er eit sterkt behov for å få forsterka transportsystemet og få betra regulariteten aust-vest der regionane Haugalandet, Sunnhordland, Hardanger, Bergen, Grenland, Kongsvinger utgjer viktige bu- og næringsklynger. Hordaland Arbeiderparti går inn for at vidare planlegging, inklusiv utarbeiding av reguleringsplanar, må koma igang straks.
Samhandlingsreforma
Ein kritisk suksessfaktor for gjennomføring av samhandlingsreforma er oppfølginga med statlege overføringar til kommunane. Hordaland Arbeiderparti ønsker at kommunar som velgjer å samarbeida for å nå måla i samhandlingsreforma må støttast økonomisk.
Fysioterapi i kommunane
På bakgrunn av negativ utvikling for fysioterapitilbodet i kommunane, ønsker Hordaland Arbeiderparti ein opptrappingsplan for fysioterapi i kommunehelsetenesta slik at alle pasientar får behandling innan to månader – til ein lav kostnad.